Landskabstyper grundbeskrevet

Hver landskabstype er beskrevet med tekst fra de 4 store nordiske lande. Med lenker til mere.
Naturverdier (bare norsk)  •  Slåttemark  •  Löväng  •  Lyngheier  •  Beitemark  •  Åkerbruk  • Skogsbruk
Kulturverdier  •  Fornminner  •  Bygningsarv  •  Gjerder  •  Røyser og murer  •  Ferdselsveier og vannveier
Undervisningsmaterialer

(Nettstedet og tekstsamlingen er støttet av Nordisk Kulturfond)

Dei ulike kulturmarkstypane er skapt gjennom tradisjonelle driftsformer som beite, slått og lauving (hausting av lauv for vinterfôr). Det er mange typar kulturmark, både kulturskapte og kulturpåverka (seminaturlege) vegetasjonstypar. Dette mangfaldet har opphav i ei tid da det gjaldt å utnytte alle tilgjengelege ressursar.

Frå kunstgjødsla kom i bruk for ca. 100 år sidan, måtte ein ha husdyrgjødsel for å kunne produsere korn og anna mat på åkeren. Ein trong mange dyr for å få nok gjødsel. Engene som gav høy til vinterfôr, gav dermed grunnlaget for resten av matproduksjonen på garden. Såleis har ein i Sverige ordtaket “Äng är åkers moder”.

Tradisjonell skjøtsel har hindra busk- og treoppslag og halde bygde- og stølslandskapa opne. Dette inneber også uttak av trevirke til brensel og material, mellom anna til gjerding. I stølsområde gjekk særs mykje trevirke med til fyring i samband med ysting.

I desse opne og nøysame kulturlandskapa har dei ljoskrevjande, småvaksne og konkurransesvake engartane hatt gode livsvilkår. Dette er artar som går fort ut når den tradisjonelle skjøtselen opphøyrer, anten i form av attgroing eller at areala blir gjødsla opp. I begge tilfelle vil meir storvaksne og konkurransesterke artar ta over, og i begge tilfelle går mangfaldet av artar ned over tid.

Lukket for kommentarer.